Historien om D/S Stord, M/S Stord, O.T.Moe og D/S Stord I

Byggeplata til D/S Stord. Foto: Harald Sætre

Byggeplata til D/S Stord. Foto: Harald Sætre

D/S STORD – DEN NÆRMEST FERDIG UTVIKLEDE «FJORDDAMPEREN»

D/S Stord vart bygd i 1913 ved Laxevaag Maskin og Jernskibsbyggeri, som byggenummer 110. Kontrahent var Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab.

Tonnasjen var opphaveleg på 376 BRT og skroget målte 47,4 x 7,3 x 2,7 m. Maskinen, som var bygd på same staden, var ein trippel ekspansjons dampmaskin på 470 indikerte HK. Dei tre sylindrane hadde ei slaglengde på 25 tommar, og dimensjonane var 13 ½, 22, og 35 tommar.

Jon Winge har i boka «Norske skip» (Schibsted 2006) slik omtale av D/S Stord:

“D/S STORD kan stå som en representant for den nærmest ferdig utviklede fjorddamperen», en type som var gjeldende helt til «sjøbussene» kom på slutten av 1930 tallet.”

1913 - utgåva. Stord. Biletsamlinga til UBB. KK foto

1913 - utgåva. Stord. Biletsamlinga til UBB. KK foto

SUNNHORDLAND SNØGGRUTE

«Stord» var tiltenkt å gå i dei fleste rutene i HSD sitt fartsområde Bergen – Hardanger – Sunnhordland – Stavanger. Då HSD sette i gang ei ny snøggbåtrute mellom Bergen og Sunnhordland i 1928, vart «Stord» tiltenkt denne ruta. Båten vart i 1931 lengd med 3,3 meter og brunnen framfor brua vart bygd att. Samstundes vart overbygget midtskips gjort større med plass for postlugar og fleire passasjerlugarar. No fekk «Stord» den lange, ubrotne og elegante dekkslina. I tillegg vart 2. plass salong framme under bakken bygd om. Det vart og sett opp fleire passasjerlugarar på hovuddekk. Bruttotonnasjen vart no auka til 465.

«Stord» vart snart ein populær båt i Sunnhordland Snøggrute. Og under krigen gjekk «Stord» trufast i selskapet sine ruter. Ved eksplosjonsulukka i Bergen den 20. april 1944 låg «Stord» ved Holbergskaien i Bergen. Styrehuset og ein del av innreidnaden vart øydelagt, men ellers slapp «Stord» uskadd frå hendinga.

MS Stord 1960-talet Foto Lars Helge Isdahl.

MS Stord 1960-talet Foto Lars Helge Isdahl.

M/S STORD

Etter krigen hadde selskapet planar om å betra driftsøkonomien til nokre av dampskipa ved å skifta ut dampmaskina med dieselmotorar. «Stord» vart utpeika som prøveskip. I desember 1947 starta ombygginga ved A/S Bergens Mekaniske Verksteder. I juli 1949 var «Stord» igjen klar for rutefart, no som motorskip. Om bord stod to 12-sylindra Paxman Ricardo dieselmotorar, tilsaman på 1000 BHK. Motorkrafta vart overført til propellakslingen ved kilereimar. I tillegg vart mesteparten av innreiinga modernisert. Eksteriørmessig var det den nye, ovale skorsteinen som tydeleg viste at «Stord» ikkje lenger var dampskip. Ombygginga førte med seg at driftsøkonomien betra seg, men teknisk sett var ikke ombygginga like vellukka, mellom anna var det mykje motorstøy og vibrasjon i akterskipet. Vibrasjonenen fekk ein etter ei stund redusert ved at det blei sveisa ei plate på skroget over propellen som dempa propellvatnet.

«Stord» vart no sett inn i nattruta Bergen – Odda, og gjekk fast i denne ruta fram til 1959, då «Stord» vart reservebåt for selskapet.

«O.T.MOE» – HYBEL- OG SOSIALSENTER

I 1969 selde HSD «Stord» til Oslo Kreds av Det Blå Kors. Båten vart gråmåla, fekk merket til Det Blå Kors i skorsteinen og gitt namnet «O.T. Moe». I 10 år låg båten oppankra i Bjørvika og vart då nytta som hybel- og sosialsenter for alkoholskadde krigsseglarar.

O.T.Moe i Bjørvika, Oslo. Foto: Bård Koltveit

O.T.Moe i Bjørvika, Oslo. Foto: Bård Koltveit

Byggeplata til C 609. Foto- Odd Magne Stikholmen

Byggeplata til C 609. Foto- Odd Magne Stikholmen

VETERANDAMPSKIPET «STORD I»   

Etter 10 år hadde gamle «Stord» gjort nytten for seg i Oslo og var igjen for sal. Norsk Veteranskibsklubb i Oslo fekk kjøpa båten. Dei selde den vidare i 1981 til det nyskipa Veteranskipslaget Fjordabåten, heimehøyrande i Bergen og Sunnhordland. Båten fekk no namnet «Stord I». Eit omfattande restaureringsarbeid vart sett i gang med tanke på å tilbakeføra «Stord I» til dampskip og med utforming og arrangement som i perioden 1931-1947. Ein eldre tankbåt i Newcastle, «C 609», hadde høveleg dampmaskinarrangement og den vart kjøpt og det komplette maskinarrangement med kjele vart overført til «Stord I».

Etter seks års dugnadsarbeid og med god støtte frå ulike verksemder, kommunar og privatpersonar, kunne «Stord I» våren 1987 igjen gå for eiga dampmaskin. Den 7. mai 1987 la «Stord I» frå kai ved Marineholmen for teknisk prøvetur på Byfjorden.

 
Teknisk prøvetur på Byfjorden med Skipskontrollen, mai 1987. Ankerspelet vert testa.  Foto Harald Sætre

Teknisk prøvetur på Byfjorden med Skipskontrollen, mai 1987. Ankerspelet vert testa.  Foto Harald Sætre

Siste finpuss før Nordsteam 2005. Foto Harald Sætre

Siste finpuss før Nordsteam 2005. Foto Harald Sætre

 
Eit utbrent vrak ved Sandvikvåg 20. mai 1987. Foto Alf J. Kristiansen

Eit utbrent vrak ved Sandvikvåg 20. mai 1987. Foto Alf J. Kristiansen

D/S STORD I – BRANNEN 20. MAI 1987

Den 20. mai 1987 var D/S Stord I på tur frå Stord til Bergen for å starta sin første seglingssesong. Like nord for Sandvikvåg i Fitjar oppstod det brann i maskinrommet. Brannen vart først sløkt, men tok seg opp att etter kort tid utan at det lukkast mannskapet og brannvesenet som var kome til, å få kontroll over brannen. I løpet av morgontimane vart «Stord I» totalt utbrent.

Til all lukka kom ikkje nokon til skade under brannen. Det var likevel eit hardt slag for medlemmene og dei mange støttespelarane som måtte sjå 6 års arbeid gå opp i røyk.

«Stord I» vart erklært for totalskada av forsikringsselskapet. Mange såg det som nyttelaust å starta ei gjenoppbygging. Men nærare undersøkingar viste at kjelen hadde små skadar. Dampmaskinen var heller ikkje verre skadd enn at den kunne reparerast. Med bakgrunn i dei positive opplysningane som kom fram, vedtok laget å overta ein sterkt brannskadd «Stord I» frå forsikringsselskapet. I tillegg fekk laget utbetalt forsikringssummen, men som på langt nær dekka ei fullstendig gjenoppbygging av båten.

Det er mulig å istandsette «Stord I» - men det vil ta tid!
No starta eit langvarig og tidkrevande arbeid. Teikningar og arrangement etter antikvariske prinsipp vart godkjent av Sjøfartsdirektoratet. Prosjektet fekk støtte hos Riksantikvaren som erklærte «Stord I» som verneverdig skip i 1991 og følgde opp med pengar for å ta vare på skroget.

DS Stord I i opplag ved Marineholmen i Bergen, april 1999. Foto Harald Sætre

DS Stord I i opplag ved Marineholmen i Bergen, april 1999. Foto Harald Sætre

I samarbeid med Fortidsminneforeningen vart gjenoppbyggingsprosjektet godkjent som eit forskningsprosjekt. Det vart inngått avtale med Eide Contracting AS i Kvinnherad om å gjera «Stord I» stålferdig. Imidlertid vart ikkje dette arbeidet fullført etter at verftet måtte innstilla drifta. Etter nokre år med stillstand  vart «Stord I» slept frå Høylandsbygd til Sagvåg, Jensanes, der skroget vart renska for «skrot». Her vart og mønetaket reist med midlar frå Riksantikvaren. Frå Sagvåg vart «Stord I» slept til Bergen og arbeidet held fram ved Mjellem & Karlsen Verft AS, det same verftet som i si tid hadde hovudarbeidet då «Stord I» vart restaurert.

Dugnad DS Stord I - Kåre Taule (bak) og Hermund Hansen. Foto Harald Sætre.

Dugnad DS Stord I - Kåre Taule (bak) og Hermund Hansen. Foto Harald Sætre.

Maskinen, som tidlegare var teken på land, vart ved god hjelp frå Askøy videregående skole, sett i stand. På denne tida vart det utført omfattande stålarbeid. I tillegg vart akterskipet over vannlinja, som vart vridd under brannen, retta opp. Før dampmaskina kom om bord igjen, vart heile skroget sandblåse på utsida og prima og måla på nytt.

Vinteren 2001/2002 var båten tett ved at nye dekk i stål og nytt dekkshus akter kom på plass. På ståldekka vart det seinare lagt tredekk. På grunn av den økonomiske stoda til laget gjekk arbeida seint. Men utover i 2003 auka støtta både økonomisk og på annan måte - optimismen steig og arbeida vart trappa opp. I maskinen kom etter kvart det tekniske utstyret på plass og vinteren 2004/2005 kunne Hardanger Fartøyventsenter setja opp styrehuset. I tillegg til verkstadsarbeid, vart det utført omfattande dugnadsarbeid. Målet var å få «Stord I» klar slik at båten kunne gå for eiga maskin til Nordsteam 2005 i Bergen, noko som lukkast takka vera stor innsats frå dugnadsgjengen om bord og sponsorane. I 2006 kunne arbeida med innreiinga ta til.

Arbeid med styrehuset våren 2005. Alf Storaas frå HF.  Foto Harald Sætre

Arbeid med styrehuset våren 2005. Alf Storaas frå HF.  Foto Harald Sætre

Eldsjeler i medgang – motgang - medgang

Prosjektet «Stord I» var eit krevjande prosjekt for Veteranskipslaget Fjordabåten heilt frå starten i 1981.Det var ei stor bragd for medlemsorganisasjonen å få sett «Stord I» i stand som dampskip i 1987. Ikkje mindre krevjande var det på nytt å ta på seg å setja i stand skipet etter brannen. Styret i Veteranskipslaget Fjordabåten fekki 1999 utarbeidd eit prospekt for å marknadsføra «Stord I-prosjektet» overfor aktuelle samarbeidspartnarar. Interessen for prosjektet vart vekt og det kom tildelingar både frå offentleg og privat sektor. Det kom ny optimisme i prosjektet og både dugnadsarbeid og verkstadsarbeid viste att om bord i «Stord I»

Det var sett mål om at «Stord I» skulle gå for eiga dampmaskin og eksteriørmessig istandsett,  inn på Vågen under Nordsteam 2005. Slik vart det!

Under innseglinga til Nordsteam 2005. Foto Tore Sætre

Under innseglinga til Nordsteam 2005. Foto Tore Sætre

STIFTELSEN D/S STORD I

I 2006 overførte Veteranskipslaget Fjordabåten «Stord I» til «Stiftelsen D/S Stord I» med følgjande formål:
«Stiftelsens formål er å istandsette og vedlikeholde «Stord I» som veteranskip med hjemmehavn i Bergen. Stiftelsen kan gjennom egne tiltak eller ved utleie sette   «Stord I» i drift.

 Arne Sundal blei stiftelsen sin første styreleiar og daglege leiar. Han kjente prosjektet «Stord I» godt frå dugnad og styrearbeid i Veteranskipslaget. Hans gode kontaktar i det private sponsormarkedet var viktig for den finansielle situasjonen i prosjektet. Gjennom støtt frå sponsorar var det mulig å halde kontinuerlig framdrift på istandsetting og ferdigstilling av skipet.

Sjølv om «Stord I» hadde segla for eiga maskin under Nordsteam 2005, var det framleis mykje istandsettingsarbeid å ta tak i. Hovedansvaret var no lagt over på Stiftelsen D/S Stord I og Arne Sundal la ned mykje arbeid med forhandlinger,  kontroll og oppfølging av leverandørar. Hardanger Fartøyvernsenter istandsette innreiing og interiør i perioden 2007-2013.

 Stiftelsesformen har vore positiv for kontakten med det private sponsormarkedet. Denne formen gir tillit til organisasjonen og til forvaltning etter kontrollerbare retningsliner og forskrifter.

 I juni 2013 var «Stord I» klar for framstilling og kontroll av Sjøfartsdirektoratet.       D/S Stord I vart tildelt passasjersertifikat den 26. juni 2013.

 På Arne Sundal si «vakt» passerte skipet 100 år. Arne fekk æra av å  arrangere 100-års jubileum for D/S Stord I  i Bergen den 22. juni 2013   .

Etter sju år som leiar ønskte Arne Sundal å trekkja seg tilbake til vanleg styreplass.

Harald Kvinge tok over som styreleiar og dagleg leiar etter Arne Sundal våren 2013. Han har følgt prosjektet «Stord I» sidan båten kom tilbake til Vestlandet i 1981.I perioden «Stord I» tilhøyrde Veteranskipslaget Fjordabåten var Harald styremedlem i 12 år og av desse styreleiar i 6 år. Prosjektet «Stord I» var og er eit stort prosjekt og som leiar var det mange utfordringar å jobbe med innen organisering og økonomi.

Harald har gitt uttrykk for at som styreleiar i Veteranskipslaget Fjordabåten i 2005,  var det ei sterk oppleving å vere ombord i D/S Stord I då skipet segla inn på Vågen under Nordsteam 2005 den 3. august.

Sjøfartsdirektoratet tildelte D/S Stord I passasjersertifikat for 99 passasjerar den 26. juni 2013. Med det låg det til rett for å kunna segla med «Stord I» slik det var tenkt av alle engasjerte i prosjektet i mange år:

«Dampskipet «Stord I» skal bli eit attraktivt reise- og opplevelsestilbud for Vestlandet. Tanken er at «Stord I» bl.a. skal gå  turer i sommersesongen med stopp ved de gamle dampskipskaiene. Videre skal D/S Stord I kunne brukes til seminar og spesielle cruise i Vestlandsfjordene og langs kysten.»

Harald Kvinge og Arne Sundal tok ansvar for seilingsopplegg for «Stord I». 
D/S Stord I har fast kaiplass ved Holbergskaien, Bergen, og dei fleste seglingar går ut her ifrå, men også frå kaiar i distriktet. I sesongen, mai-august, er det ca. 30 turar fordelt på opne passasjerturar og  leigeturar. «Stord I» har postkontor og fører postflagg.

Ein maritim kulturskatt er blitt levandegjort og kallar fram minne frå ein over 100-årig epoke, 1860 – 1960, i rutebåttrafikken med dampskip på Vestlandet. 

Den 20. mai 2020 var det på nytt skifte av styreleiar og dagleg leiar i Stiftelsen D/S Stord I då Atle Tornes tok over etter Harald Kvinge. Atle har leiarerfaring frå både Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap og frå Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane.

Atle Tornes  starta sin leiarperiode med store utfordringar  knytt  til Covid -19 pandemien. Den  kompliserte drifta av  «Stord I» som passasjerskip. Heile seglingssesongen 2020 vart kansellert. Det er von om å få segla deler av sesongen 2021.

Stord I ved Holbergskaien 2019. Foto Harald Sætre

Stord I ved Holbergskaien 2019. Foto Harald Sætre


For meir historie og detaljar om D/S Stord, O.T.Moe og D/S Stord I, søk: no.wikipedia.org/wiki/DS_"Stord"